| . |
Siste nytt
-
juli27
BILDE FRÅ DRAGSEIDPELET 2011
Alle aktørar frå spelet kan på www.lassefloede.com/preview/dragseidspelet finne bilde frå årets framsyningar. Ta kontakt på post@lassefloede.com eller 95842042 for bestilling av bilde. -
juli14
TAKK FOR I ÅR
Vi vil få takke alle som kom på årets Dragseidspelet 'På Sverdeggja'! Kvaliteten på spelet når stadig nye høgder, og har fått flotte tilbakemeldingar frå tilskodarar, media og ikkje minst aktørane sjølv. Ei stor takk rettast også nettopp til aktørane, nye og gamle, som gjorde ein strålande jobb! -
juni11
NO BRAKAR DET LAUST
Kalenderen viser laurdag 11. juni og det er no berre timar att til det yrar av liv på Dragseidet. Vi er klare! -
juni07
STEMNING VED STORHAVET
Laurdag 11. juni, kl. 20.00 er det klart for stemningsfull konsert på Vestkapphuset. På programmet står blant anna innslag frå ulike aktørar i Dragseidspelet, i tillegg til eit knippe gjestar. På grunn av begrensa plass er det førehandssal av billettar på Stad Servicesenter og Selje Turistinformasjon. -
juni07
HEFTIGE KAMPAR
I løpet av ei intensiv øvingshelg vart nye, heftige scenekampar innøvd under leiing av den engelske scenekampinstruktøren Jeff Pedersen. -
juni03
INNSPURTEN I FULL GONG
Innspurten til framsyningane 11. og 12. juni er i full gong. Flott dugnadsarbeid har blitt gjort i vikingtunet den siste tida, og i dag samlast aktørane til siste øvingshelg. Det er meldt om flott veir framover. Alt ligg til rette for ei fantastisk oppleving på Stadlandet! -
mai04
ÅRETS BILETE
Årets plakatbilete er no klart! Biletet viser Roger Hilleren, Mikkel Gaup og Maria Haaland og spelar på ulike kjensler som skapar dramatikken i spelet. Biletet er det første biletet som dukkar opp i galleriet når sida opnast, og vil snart vere synleg som plakat rundt om i landet. -
mai04
FØRSTE ØVINGSHELG
Entusiasme og engasjement prega første øvingshelg for Dragseidspelet 2011. Omlag 50 personar var med på ein grundig gjennomgang av spelet.Nye element og rollefigurar vart presenterte og innlemma i den frå før sterke historia. Dei tre profesjonelle skodespelarane Roger Hilleren,Mikkel Gaup og nykommaren Idun Losnegård fann fort tonen med dei mange flinke amatørane som er med..Lovar godt for eit sterkt spel i pinsa! -
apr04
SØKJER STATISTAR
Dragseidspelet er på utkikk etter menn og kvinner til å ikle roller som tingmenn og deira koner. Vil du vere med? Ta kontakt med Stadlandet Ungdomslag på kontaktinformasjonen nederst på sida. -
apr03
WENCHE FOSS - EN DIVA
Wenche Foss sitt besøk på Dragseidspelet i 2004 stod sentralt i dokumentaren "Wenche Foss - en diva" som vart vist på TV2 same dag som ho gjekk bort. Foss opna spelet med ein spesialskriven prolog, forfatta av Rolf Losnegård. Sjå dokumentaren gratis på TV2 sine nettsider. -
mar18
IDUN LOSNEGÅRD KLAR FOR DRAGSEIDSPELET
Skodespelaren er utdanna ved The Guildford School of Acting i England, og har jobba som frilans skodespelar i Noreg og England i 10 år. Idun skal ikle rolla som Sigrid - kona til Ragnvald frå Ervik, mor til Gunnar Raud - og blir dermed Dragseidspelet sin tredje profesjonelle skodespelar. -
mar17
DRAGSEIDSPELET.NO LANSERT
Dragseidspelet.no er ferdig. Her vil det komme myke informasjon og oppdateringar vedrørande spelet, så følg med framover! -
mar13
VI ER I GANG
Startskotet for Dragseidspelet 2011 gjekk søndag 13. mars då eit 30-tals personar var samla til informasjonsmøte med forfattar og instruktør Rolf Losnegård.


















